LA@UiB

SLATE er eit globalt forskingssenter som jobbar for å fremje læringsvitskapane. Gjennom integrert forsking har vi som mål å utvide grensene for læring og teknologi. Vi ser mellom anna på korleis metoder som læringsanalyse, datavisualisering, maskinlæring og data mining kan brukast til å forbetre læring og undervisning.

 

Kvifor datautveksling?

Utveksling av data tillét SLATE å forske på kva som får studentar til å lukkast fagleg under høgare utdanning. Føremålet med forskinga er mellom anna å forbetre læring for den enkelte student. Mellom anna ønsker vi å tilby studentar visualiseringar ("dashboards") som kan vise informasjon om læring i enkelte kurs, og å utvikle system som tilbyr individuelle anbefalingar (for eksempel med tanke på studieteknikk, læremateriell og kurs).

 

Korleis foregår datautveksling?

For at SLATE skal få tilgang til dine resultat og aktivitetsdata, må du først ha gitt ditt samtykke. Samtykket er det juridiske grunnlaget for tenesten og oppfyller Personopplysningslova sin § 8 om vilkår for å behandle personopplysningar. Når samtykket ditt er gjeve vil dataene dine overførast til SLATE med jevnlege intervallar. SLATE ønsker å lagre dataene på ubestemt tid, då vi skal i gang med fleire prosjekt for å forbetre læring.

Data vil utelukkande bli behandla av SLATE for læringsanalyse forsking; følgeleg vil data ikkje brukast til studentvurdering eller andre føremål som kan få direkte konsekvensar for enkeltindivid. Dagleg ansvarleg for prosjektet vil ha tilgang til direkte personidentifiserande opplysningar (UiB brukar-id), tre forskarar ved SLATE vil ha tilgang til pseudonymiserte personopplysningar (av-identifisert brukar-id). Prosjektet er meldt til og godkjent av personvernombudet for forsking (epost: personvernombudet@nsd.no). Deltaking i forskinga er frivilleg og du kan når som helst trekkje tilbake ditt samtykke.

Kva data blir utveksla?

Data fra MittUiB: Dersom du samtykker, vil SLATE motta aktivitetsloggar over dine handlinger innanfor Canvas LMS. Dette kan for eksempel knytte seg til pålogging, besøk av kurssider, åpning av førelesingsnotat og andre filer, oppgåver, innleveringar, diskusjonar, quiz, kalender, litteraturliste og kunngjeringar. I dei tilfella det er tilgjengeleg vil også resultatdata (f.eks. foreløpige kurskarakterar) og informasjon om kursdeltaking kunne overførast. I tillegg vil din brukar-id overførast (lagres av-identifisert).

 

Data fra Felles Studentsystem: Dersom du samtykker kan SLATE motta data frå Felles Studentsystem (Universitetet i Bergens studentregister) om dine noverande/tidlegare studieprogram, aktive/tidligare emner, eksamensresultat og individuelle påloggingar til Studentweb.

Generelle opplysningar som blir utveksla  med SLATE er følgende: Bruker-id (lagrast av-identifisert), kjønn, fødselsår, postnummer (frå semesteradresse). Data frå MittUiB og StudentWeb koblast på bakgrunn av av-identifisert bruker-id. I tillegg vil brukar-id (lagres av-identifisert), kjønn, fødselsår og postnummer (frå semesteradresse) overførast.

Data frå MittUiB og StudentWeb koblast på bakgrunn av av-identifisert bruker-id.

Andre opplysningar

Spørsmål vedrørende prosjektet kan rettast per epost til dagleg ansvarleg, stipendiat Jeanette Samuelsen (epost: jeanette.samuelsen@uib.no).